Morsmjølk - giftig eller ikkje?
Egil Johan Ree Publisert 20.02.2002 10:32.
Alarm: gift i morsmjølk, står det med feit overskrift i avisa som har spesialisert seg på stoff om korleis vi bør leva. Kanskje sender overskrifta kalde ilingar nedover ryggen på kvinner som i god tru har lagt spedbarnet til brystet, for i alle tider har jordmødre og helsestasjonar forsikra om at morsmjølk er det beste dei små kan få i seg. Men nå er altså mjølka giftig, om vi skal tru overskrifta.
Ei dame som skal ta doktorgrad har granska 195 kvinner frå ulike delar av landet. Av prøvane ho tok inneheldt 28 prosent giftstoffet ochratroksin eller OTA. Ti prosent av barna i undersøkinga fekk i seg for mykje av det usunne stoffet som hos dyr har ført til nyreskadar, kreft i urinvegane, nedsett immunforsvar og skadar på arvestoffet. Mødre som får i seg mykje leverpostei, kaker, frukostblandingar, kjøtfarse, ost og juice er mest utsette for å få OTA i mjølka. Det kan såleis vera ganske mange som er i faresona.
På same avissida får vi vita at det også er farlege saker i tran, dette heilsunne leverproduktet frå fiskebankane nordpå. Nå har dei funne miljøgifta PCB i tranen. Av den kan du få kreft, nedsett immunforsvar, usikker formeiringsevne og trøbbel med nervesystemet og hormonbalansen.
Av dette forstår vi at barn som måtte vera så uheldige at dei får i seg både morsmjølk og tran, ligg tynt an i livet.
Men så viser det seg at doktorand-dama lenger nede i artikkelen ikkje vil rå norske kvinner frå å gi bryst til ungane sine. Og dei som lagar tranen, trekkjer dei farlege flaskene tilbake og lovar å fjerna PCB-gifta. Så er det kanskje ikkje så farleg likevel som den feite overskrifta skulle tyda på. Ofte syner det seg å vera det, når vi berre les litt vidare.
Men sikre kan vi sjølvsagt aldri vera. I går var det andre varer som etter nærgåande vitskapleg gransking synte seg å innehalda farlege stoff. I morgon kjem det nye granskarar og nye farlege matvarer, i tillegg til forskarar som fortel at det kanskje ikkje er så farleg likevel. Det er i alle fall ikkje så lett å følgja med i alt. Og les vi for mykje om alt det farlege, så blir vi nervøse, og det er heller ikkje bra for helsa.
Det har lite for seg å slutta å lesa aviser, men vi treng kanskje ikkje ta det bokstaveleg alt som står der.
|