Svenskane vil ha tilbake unionenDei norske deltakarane sopar inn gull- og sølvmedaljar i Salt Lake City, men med svenskane går det dårleg. I rein desperasjon har somme tatt til orde for å vekkja til live unionen mellom Noreg og Sverige. Av Egil Johan Ree. Publisert 18.02.2002 14:25. Oppdatert 19.02.2002 14:33.Mange svenskar var sure i 1905 då unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst. Sidan har humøret betra seg, og tilhøvet mellom dei to landa har vore bra lenge. Men nå røyner det på for svenskane. Ein sølvmedalje og to bronse er alt dei har å visa fram før siste halvdel av OL er i gang. Nordmennene kan skryta av åtte gull og fem sølv. Svenskane har bare tre land etter seg på medaljestatistikken. Jamvel Australia som ikkje nett kan skryta av særlege tradisjonar som vintersportsland, ligg framfor Sverige.
Så nå er dei svenske grannane våre i dårleg humør igjen. Svenskar med konspiratorisk sinnelag tar vel snart til å lura på om nordmannen Magnar Dalen, som trenar det svenske skilandslaget, er utsend av det norske skimiljøet for å driva sabotasje på andre sida av grensa.
Så desperate er svenskane blitt at den svenske avisa Expressen i dag offentleggjer eit ope brev til kong Harald. "Snälla Harald, låt oss bilda union!" Med 13. plass på stafetten i går, er begeret fullt, skriv Er Allra Ödmjukaste Tjänare Lars Lindstrøm. Som svensk statsborgar ser han det nå som ei plikt å be kong Harald om at unionen blir gjenoppretta. I 2005 er det hundre år sidan hopehavet vart oppløyst. Hundreårsjubileet burde vera eit framifrå høve til å knyta nye band. Den audmjuke svensken lovar kong Harald at dei svenske krava i samband med ein eventuell ny union, kjem til å vera svært smålåtne. Ein ny union kan vera på plass før dei neste olympiske leikane. Det einaste svenskane ber om at dei får lov til å ha hand om, er ishockeyen.
Nå er det mykje som tyder på at svenskar flest ikkje er villige til å gå så langt som brevskrivaren i Expressen. Ei meiningsmåling som avisa i fullt alvor har gjennomført på nettsidene sine, viser at 37 prosent går inn for ny union medan 63 prosent er mot. Men vi skjønar jo godt at svenskane er plaga av tungsinn og bitre tankar etter den skrale medaljehausten i Salt Lake City. Det er fullt forståeleg at avisa Dagens Nyheter grip til ein slags galgenhumor ved å slå fast at Sverige i alle fall har ein ting som Noreg førebels ikkje har i desse olympiske leikane, nemleg bronsemedaljar. Vi unnar dei gjerne både den triumfen og den nye svenske rekorden når det gjeld pensjonsavtalar. Det kan bli lenge til nokon slår ABB-sjefen Percy Barneviks pensjon på 930 millionar svenske kroner.
|