skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Olympiske medaljar

Første halvdel av dei olympiske vinterleikane er ferdig og Noreg har hausta medaljar i lange banar. Men ikkje alle deltakarland har hatt like stor suksess.

Publisert 15.02.2002 15:41.
Takk og pris for medaljane vi har fått. Vi orkar ikkje tenkja på alt det vi hadde måtta lesa og høyra dersom den norske innsatsen i Salt Lake City hadde vore middelmådig. Spalte opp og spalte ned med orsakingar og bortforklaringar, skadar og sjukdom. Sure og resignerte TV- og radioreporterar. Tenk om skiskytarar, alpinistar og langrennsløparar hadde gjort det like skralt som hopparane, som landar høgt oppe i bakken og langt nede på resultatlistene!

Men nå hopar kulene seg opp i plastrøyra på bordet til Karen Marie i OL-studioet. Rike og Carlsen skrik seg håse og Pedersen på indre bane spring smilande frå det eine sigersintervjuet til det neste. Men ikkje alle gjer det like godt. Svenskane f.eksempel, dei har det tungt. To stakkars bronsemedaljar er alt dei har fått til denne tid. Og andre deltakararland er ikkje på medaljelista i det heile. Nepal og Kamerun er medaljelause. Jay Kadka frå Nepal kom inn som nest siste mann på 10 kilometer klassisk jaktstart, vel 18 minutt etter Johan Muhlegg. Men han slo Isaac Menyoli frå Kamerun.

Engelskmennene har heller ikkje fått medaljar, og i London-avisa Times filosoferer ein spaltist over det i dag. Kvifor er vi med i det heile tatt? spør han. I snøbrett gjekk det dårleg, i curling går det heller ikkje bra og skihopparen Glynn Pedersen greide ikkje kvalifisera seg til hopprennet. Kva i all verda har dei der å gjera? spør spaltisten. Får seg ein fjorten dagars betalt ferie og svinsar rundt i fjollete klede.

Men spaltisten filosoferer vidare. Kva med han sjølv? Skulle han slutta å skriva fordi han ikkje skriv like godt som James Joyce? Skulle han slutta med fuglekikking fordi han veit at han aldri vil få sjå alle dei 10 000 fuglerartar som finst? Nei då, meiner han. Her gjeld det å vera med. Det går alltid an å bli betre. Dei engelske deltakarane er ikkje der for å vinna, men dei er i alle fall med på å skapa ein tradisjon.

Han er kanskje inne på noko der, den engelske spaltisten. Det er sjølvsagt synd på svenskane. Så pass høflege er vi at vi seier det. Men utan dei og utan deltakarane frå England, Nepal og Kamerun og alle dei andre landa som ikkje får høyra nasjonalsongane sine, hadde vi ikkje fått synt kor gode vi er. Så dermed er det berre å takka Sverige og dei andre medan vi ventar på fleire kuler i plastrøyra.
Egil Johan Ree


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no