Norske foreldre er redde etter mesling-utbrot i Danmark. Skeptikarar ombestemmer seg, og vaksinerer borna likevel, på grunn av frykt for meslingar.
Av:
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Frykt for biverknader av MMR-vaksinen har gjort at stadig fleire småbornsforeldre både i Noreg og resten av Vest-Europa let vere å vaksinere sine håpefulle. Danmark opplever nå det største utbrotet av meslingar på ti år.
Mange ombestemmer seg no, og let dei små få stikket likevel.
- Meslingar er også farleg
- Dottera mi skal få vaksina, fortel Ann Kristin Røsdal i Stjørdal. Ho har ikkje lete seg overtyde av fjernsynsprogram som har sett fokus på biverknader ved MMR-vaksina. Ho vil ha fleire prov, for at ho ikkje skal setje den.
- Meslingar er også farlig. Eg stolar på helsestasjonen, som tilrår meg å setje denne vaksina på dottera mi, seier Røsdal.
Ombestemmer seg
Helsesyster i Stjørdal kommune, Irene Hansen Østerås, fortel at trenden er i ferd med å snu.
- Mange vart redde, men dette med å boikotte MMR-vaksinen var truleg eit blaff. No er det mange som vel å vaksinerer borna sine etter at dei har tenkt seg om, fortel Østerås.