skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Forsking på befrukta egg:

- Regjeringa er fundamentalistisk

- Det er uetisk å la vere å forske på befrukta egg, meiner leiar i sosialkomiteen, John Alvheim. Han meiner regjeringa er eit fundamentalistisk prestestyre.

Publisert 13.02.2002 13:30. Oppdatert 14.02.2002 11:40.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Regjeringa vil ikkje opne for forsking på befrukta egg. Med dette standpunktet har regjeringa gått i mot Bioteknologinemnda og arbeidsgruppa som helseminister Dagfinn Høybråten har sett ned. Dei ville begge opne for slik forsking. I dag må prøverørsklinikkane kaste overtallige befrukta egg, i staden for å forske på dei.

- Fundamentalistisk

Forskarane meiner at forsking på overtallige befrukta egg kan føre til ein revolusjon innan handsaming av sjukdomar som alzheimer og parkinson.

Leiar i sosialkomiteen på Stortinget, John Alvheim (Frp)seier til Dagbladet at det er umoralsk av regjeringa å hindre forsking på befrukta egg.

- Regjeringa er like ille som Jehovas vitner, seier Alvheim. Han samanliknar regjeringa sitt standpunkt med Jehovas vitner, som nektar blodoverføring og set religion over liv og helse.

- Det er uetisk å la vere. Regjeringa oppfører seg som eit fundamentalistisk prestestyre, seier John Alveheim.

Omdiskutert

Framstegspartiet og Arbeidarpartiet er dei einaste partia som har sagt ja til forsking på befrukta egg. Kristeleg Folkeparti meiner at forsking på befrukta egg er ei krenking av menneskeverdet til embryoet.

- Kvifor skal vi velje dei mest omdiskuterte metodane? spør helseminister Dagfinn Høybråten (KrF).



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no