skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Tragedien i Nordre Land:

Trugar med injuriesøksmål

Bistandsadvokat Tor Erling Staff melder eigaren av hundane som drap Johannes (7) til politiet for drap. - Ærekrenking, svarar hundeeigaren sin forsvarar, John Magne Hammervoll.

Publisert 11.02.2002 15:05. Oppdatert 11.02.2002 15:09.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av:


I løpet av dagen vil bistandsadvokat Tor Erling Staff melde hundeeigaren frå Nordre Land til politiet for drap. Avgjerda er teken i samråd med foreldra til Johannes Åsheim (7) som vart drepen av hundar i Nordre Land. Familien og Staff vurderer samstundes søksmål mot dyrevernnemnda, sosialkontoret og distriksveterinæren.

- Foreldra meiner at nokon må stillast til ansvar, seier Tor Erling Staff. Han meiner at hundane har skapt frykt i bygda og at hundeeigaren måtte ha visst til dette. I tillegg meiner Staff etter å ha vore i Nordre Land og sett på hundegarden, at den ikkje har gode nok gjerder.

Dette avviser forsvararen til hundeeigaren, John Magne Hammervoll.
- Hundeeigaren er av den klare oppfatninga at hundane var forsvarleg innegjerda og at dei ikkje var farlege, seier Hammervoll.

- Ærekrenkande

Hammervoll meiner at Tor Erling Staff ærekrenkar hundeeigaren ved å melde henne til politiet for drap.
- Dette er svært injurierande. Vi vil heilt klart vurdere å saksøkje Staff for ærekrenkingar, seier Hammervoll.

John Magne Hammervoll meiner at å melde hundeeigaren til politiet no, er som å ringje brannvesenet under sløkkjing. Staff er ikkje samd.

Må etterforske

Tor Erling Staff meiner foreldra er i sin klare rett til å ta eit formelt skritt ved at hundeeigaren vert meld for drap. Han bryr seg lite om trugsmåla om injuriesøksmål.

- No må politiet etterforske saka skikkeleg, så må påtalemakta vurdere om det skal takast ut ein tilatale og seinare må domstolen kome med ein eventuell dom, seier bistandsadvokat Tor Erling Staff.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no