skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Norske fiskarar er for feite

Norske fiskarar må slanke seg dersom dei skal halde fram i jobben. Staten innfører nye reglar for fiskarar, og det fell ikkje i god jord. - Yrkesforbod, raser fiskarane.

Publisert 06.02.2002 14:56. Oppdatert 06.02.2002 15:18.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Vekt er inga privatsak dersom du er fiskar. Staten innfører no nye reglar som gjer at mange norske fiskarar må gå på slankekur for å kunne halde fram i jobben. Fiskarane er rett og slett for feite i dag!

Tryggleik

Det er omsynet til tryggleiken som gjer at det kjem nye reglar. Dersom ein er så feit at ein knapt kan gå landgangen, kan ein umogeleg gå raskt opp trange leidrar, og då vert det fare for tryggleiken.

Dersom du har BMI ( Body Mass Index) på over trettifem, er du for feit. BMI kan du finne ved å ta vekta di- td 65.3 kg, og dele denne på høgda ( td 171 cm) ganger høgda. Talet du får då er BMI. Fiskarane kan ikkje ha ein BMI over 35.

- Yrkesforbod!

Fiskarane er lite glade for denne nye regelen. Leiar i Fiskarlaget i Sogn og Fjordane, Nils Myklebust, oppfyller ikkje kravet.

- Eg fryktar at mange fiskarar vert uføretrygda som fylgje av dei nye reglane, seier Myklebust. Han får støtte av fiskarar i Måløy som meiner at det nye kravet er jamgodt med yrkesforbod.

Fiskar Knut Tennebø ( 108 kilo)fortel at han strevar med å gå ned i vekt:

- Måltida er det vi gler oss mest til ombord, seier Tennebø. Han får støtte av kollegaene sine på kaia som meiner at framlegget er tøvete.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no