skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Mobbeofra må vernast betre

Det norske lovverket er for uklart når det gjeld mobbing og ansvar, meiner mobbeforskar Dan Olweus. Han krev ei mobbelov som gjer at lærarane kan straffast om ikkje dei grip inn mot mobbarane. - Gi dei heller sparken, seier Helga Hjetland.

Publisert 05.02.2002 13:14. Oppdatert 05.02.2002 15:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Aldri før har så mange norske born vorte mobba på skulen. Ei undersøking som mobbeforskar Dan Olweus har gjort viser at 75 000 norske born vert mobba. Men lærarar som ikkje grip inn, kan ikkje straffast for det. Det er i dag ikkje ulovleg for ein lærar å la vere å gripe inn.

-Lova må endrast

-Lærarar som er vitne til mobbing og ikkje grip inn, bør kunne straffst, meiner Dan Olweus. Han etterlyser ei endring i Opplæringslova som opnar for at læraren kan stillast til strafferettsleg ansvar. Ei slik lov har dei i Sverige.

- Lova i dag er ikkje forpliktande nok, seier Olweus.

- Gi dei heller sparken

Men leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, vil ikkje ha ei ny lov. Ho meiner at Opplæringslova er god nok og at lærarane - og alle andre tilsette i skulen- er plikta til å gripe inn mot mobbing.
- Eg trur ikkje at ei lov som kan straffe lærarane er løysinga. I dag er det mogeleg å gje lærarar som ikkje gjer jobben sin sparken, seier Hjetland.

Ho meiner at skuleleiinga må ta ansvaret og rettleie lærarane, dersom dei ikkje tek mobbinga alvorleg nok. I verste fall bør læraren fjernast frå jobben.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no