- Trygdeetaten driv dyneløfting og sløsar med ressursar når dei kontrollerer trygdemottakarar, seier Bjørn Magnar Karlsen i LO. Trygdeetaten meiner det er naudsyndt med kontrollar for å ta dei som lurer til seg trygd.
Av
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Trygdekontor over heile landet har i omlag eitt år kontrollert trygdemottakarar, for å finne dei som lurer til seg trygd dei ikkje har rett på.
Dyneløfting
Buskerud, Vestfold, Østfold og Telemark har gått saman for å finne trygdemisbrukarar. Leiar i Drammen LO, Bjørn Magnar Karlsen meiner at trygdeetaten driv dyneløfring og kiking når dei leiter etter syndarane.
-Må ta dei få
Rikstrygdeverket forsvarar kontrollane. Trygdedirektør Arild Sundberg seier kontrollane er til for å ta dei få som misbrukar trygdeordninga.