Kva krav på vern har me frå hundar som opptrer trugande, som gjer folk redde? I tilfellet på Nord-Torpa fekk hundeeigaren pålegg frå politiet for tre år sidan om å sikre hundane betre. Men var dette det einaste dei kunne gjere?
Av:
Ingunn Solheim
Det fins fleire lover som omfattar avliving av hund og strafferreaksjonar mot hundeeigarar. Kamphundlova som omfattar alle hunderasar seier:
"En hund som har påført menneske eller dyr skade, kan innen en måned etter skadeforvoldelsen kreves avlivet.
Skaden som er påført mennesket eller dyret, bør være alvorlig. Psykiske skader på mennesker kan også regnes som alvorlige."
-Politiet kan etter klage frå fornærma kome med reaksjonar mot hund og hundeeigar seier jusprofessor Ulf Stridbech.
Men han legg også til at dette er lover som folk kanskje ikkje kjenner til.
-Politiet har også ei generell oppgåve om å verne samfunnet mot kriminalitet og lovbrot, dei må difor av og til tenke sjølv og ta eige initiativ, seier Stridbech