Polarhundar har instinkt som ligg nær ulven, og treng mykje kontakt med menneske. Det seier oppdrettar Ole Johan Sætre. Hundar som vert forsømte og slepte fri vil etterkvart oppføre seg som rovdyr i flokk, seier han.
Av
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Ole Johan Sætre har drive med oppdrett av samojed-hundar, som er ein polarhundrase, i over tretti år. Heime i Flå i Sør- Trøndelag har han i dag sju hundar.
Klare grenser
Polarhundar har sterke instinkt som ligg nær ulven. Hundane treng klare grenser og mykje kontakt med menneske, og dersom dressuren vert gjort skikkeleg, er hundane slett ikkje agressive. Men slurvete hundeeigarar kan gje ulydige, og i verste fall aggressive hundar.
- Hundar i flokk har eit klart rangsystem. Det er viktig at eigaren og familien står over hunden i rang, seier Sætre.
Dersom hunden er i tvil om kven som er sjefen, kan hunden prøve seg på til dømes små born.
Hundeeigar har eit ansvar
Dess fleire hundar ein har, dess meir krevst det av eigaren. Å ha ein flokk på tjue hundar er minst ein heldagsjobb, meiner Ole Johan Sætre.
- Hunden skal ikkje berre forast og trenast. Han skal ha omsorg og treng mykje kos.
Sætre meiner ein skal vere svært forsiktig med å ta kontankt med framande hundar. Ikkje alle raser viser like godt at dei er sinte eller aggressive. Foreldre må lære born at dei ikkje skal ta kontakt og klappe framande hundar, utan at eigaren seier det er greitt, seier Sætre.
- Men hundeeigaren har eit særskilt ansvar. Ein kan ikkje forvente at små born veit korleis dei skal te seg saman med dyr, seier Ole Johan Sætre.