skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Lereim ville trekkje seg

Dopingsjef under VM på ski i Lahti i fjor, Inggard Lereim, var så skuffa og oppgitt etter avsløringane, at han vurderte å slutte som dopingkontrollør.

Publisert 30.01.2002 11:12. Oppdatert 30.01.2002 11:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Store delar av det finske landslaget vart tekne i dopingkontrollar på heimebane. Den norske lækjaren, Inggard Lereim, som også er hovudlækjar for den norske troppen i Salt Lake City, avslørte dopinga.

Nedbrutt og umotivert

- Eg miste all illusjonane når det gjald toppidrett i fjor, då eg var ansvarleg for dopingkontrollane i Lahti og fekk avdekka både det de veit og svært mykje meir, seier Lereim.

Etter mykje fram og tilbake, kom Lereim i vår fram til at det ville vere feil av han å trekkje seg som kontrollør.
- No har eg halde på i 25 år med å freiste å kjempe mot doping, og dersom eg trekk meg no, er det ein mindre til å slåst.

Ein enorm kamp

Inggard Lereim var ein av dei som fekk igjennom blodprøver i dopingkontrollane frå 1989.

- No i haust har vi kjempa for å få til dei tryggaste testane under leikane i Salt Lake City. Eg er svært desillusjonert over mange av pampane i den internasjonale idretten, seier han.

Får støtte

Professor i sosialmedisin, Per Fugelli, som har kritisert dei norske OL-førebuingane, støttar Inggard Lereim.

- Han må for Guds skuld ikkje trekkje seg, seier Fuggeli. Han meiner at Lereim heller treng moralsk støtte slik at vanviddet i toppidretten stoggar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no