Kommunenes Sentralforbund vil at kommunane sjølve skal fastsetja løna til sine tilsette. Arbeidsgivarorganisasjonen vil ha slutt på at sentrale lønnsavtalar fastset løna uavhengig av økonomien i den enkelte kommune.
 |
Administrerande direktør i KS, Olav Ulleren |
Kommunenes Sentralforbund kastar med dette ein brannfakkel inn i diskusjonane framfor lønnsoppgjeret til våren. Dei har med seg Akademikerne som organiserer dei med høgast utdanning, medan Norsk Kommuneforbund vil ha sentrale lønsforhandlingar som i dag. Låglønte kvonner blir taparane dersom lokale forhandlingar skal fastsetja løna, meiner Margrethe Mortensen i kommuneforbundet.
I dag tener kommunetilsette i Bærum og Berlevåg det same. Dersom dei har same stilling, same ansiennitet og same utdanning havnar dei på same lønnstrinn. Dette skjer etter sentrale forhandlingar mellom fagforeningane og Kommunenes Sentralforbund.
No meiner Kommunenes Sentralforbund at dette ikkje er fleksibelt nok. Kommunane treng å ta lokale omsyn utifrå økonomien i kommunen og kva yrkesgrupper kommunen treng, meiner KS.
Norsk Kommuneforbund meiner ei slik ordning kjem til å favorisera dei velutdanna yrkesgruppene som også i dag tener mest, seier Margrethe Mortensen i kommuneforbundet. Dei store arbeidstakar-gruppene som komuneforbundet organiserer, har lite å tena, og mykje å tap på at løna blir avgjort lokalt i kvar enkelt kommune, seier ho.