Ho var vår AstridI dag døydde mammaen til Emil, Pippi, Ronja Røverdatter og Karlsson på Taket. Astrid Lindgren ble 94 år gammel. Gjennom henne har nordiske barn fra midt på 1940-tallet og fram til i dag et forhold til Vimmerby og Småland i Sverige. Publisert 28.01.2002 15:45. - Han har alltid funnest!
Det ropar faren til Ronja, røvarhøvdingen Mattis, når skalle-Per døyr. Nett slik kjenner mange generasjonar ungar seg i dag. Astrid Lindgren har alltid vore der. Me las bøkene hennar som barn, og les dei om igjen som vaksne for våre barn.
Me har sett for oss Karlsson på Taket, Rasmus på Loffen og Emil inni oss, og me har sett dei på film, fjernsyn og teater.
Ein favoritt i EmilAstrid Lindgren var visst aller mest glad i Emil. Med alle sine oppfinnsame hyss er han sjarmerande, blåaugd og snill, men heilt sikkert frykteleg irriterande for dei stakkars foreldra.
Emil bur i det same landsskapet som Astrid Lindgren vaks opp i tidleg på 1900-talet. Gjennom Emil meiner dei fleste av oss at me er godt kjende både i Vimmerby og i heile Småland - for ikkje å snakka om sjølve Katthult. Men historiane om Emil fortel også om samfunnet rundt. Her er dei fattige og presten som gjerne vil gi pengar til dei fattige berre prestegarden får pengar først.
Pippi gong på gongPippi kom ut som bok alt i 1947. Og etter det har ho vore eit glimrande døme på at jenter kan vera både tøffe og sterke og få til det dei vil. Historiane om Pippi er morosame og festlege, men også litt triste fordi det handlar om ei morlaus jente med ein far som er til sjøs.
Framleis fengar Pippi slik at NRK fjernsynet brukar laurdagskvelden til å visa same seriane som ein gong klistra foreldra til svart-kvitt-skjermen.
Freistar oss til å vere uskikkelegeAstrid Lindgren viste oss dei vanskelege, ulydige og oppfinnsame ungane. Dei som viste oss at det er meir morosamt å gjera det dei vaksne seier me ikkje har lov til. Både den eine og den andre av oss kan få lyst til å vera litt usikkeleg etter å ha lese Astrid Lindgren.
Ronja Røvardotter er ei anna tøff jente. Men sjølv om ho vågar det meste, er ho liten og redd av og til, og då er det godt å ha ei mamma Lovis som syng Vargsongen. Og slik er historiane til Astrid Lindgren : Figurane hennar er som deg og meg; dei er tøffe, snille, slemme, vare, mjuke og redde, men i tillegg tar ho oss med inn i eventyret.
Har mista ei av våre eigneAstrid Lindgren var svensk. Ho nådde ut til heile verda med figurane sine. Japanarane, til dømes, har forelska seg i Lotta frå Bråkmakargata. 200 000 japanarar har sett filmane om Lotta i det idylliske svenske 1960-talet.
Òg her i landet har me mista ei av våre eigne, ei av dei som har skapt historiane norske ungar frå 1940-talet og langt inni framtida veks opp med.
Av Aagot Oppheim
Her og NÅ, P1, 28.1.2002
Siste saker:
|