skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Stortingsrepresentant Rolf Reikvam:

Vil redda folkemusikklinene

Folkemusikk-linene skal reddast. Det sa stortingsrepresentant Rolf Reikvam frå SV i Her&Nå tysdag. Då Stortinget kutta støtta til landslinjer, meinte dei berre å ramma skigymnasa.

Publisert 08.01.2002 15:49. Oppdatert 08.01.2002 15:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
I dag offentleggjorde Utdanningsdepartementet kutt-lista etter at Stortingsfleirtalet rett før jul reduserte løyvingane til dei landsdekkjande linene med 30 millionar kroner. Verken ski eller folkemusikk skal ha plass i den vidaregåande skulen etter dette.

Men no reagerer Stortingsrepresentant Rolf Reikvam frå SV. Han er komiteleiar i Utdanningskomiteen. Saman med Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet danna SV fleirtal for å kutta i landslinene for å finansiera auka stipend.

Men no meiner Reikvam at departementet ikkje har teke omsyn til merknaden om at landsliner som er særskilt kostnadskrevande og har "nasjonal betydning" skulle skjermast frå nedlegging. I departementet får me stadfesta at saksbehandlarane berre har teke omsyn til dei linene som kostar mest. Såleis blir ikkje til dømes romteknikk og flyfag ramma. Derimot blir ski og folkemusikk lagt ned fordi dei ikkje er særskilt kostnadskrevande.

No meiner Rolf Reikvam at departementet med dette ikkje har teke omsyn til liner av "nasjonal betydning". Dette gjeld spesielt dei to folkemusikk-linene som heilt klart er viktige landsliner, seier han. Rolf Reikvam vil ta dette opp i Stortinget dersom departementet ikkje omgjer sitt vedtak.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no