skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Legat bryt med likestillingslova

Det er ulovleg med legat som tilbyr økonomisk støtte berre til eit kjønn, meiner likestillingsombod Kristin Mile. Ho vil ha slutt på legat berre for unge menn til dømes.

Publisert 03.12.2001 15:16. Oppdatert 03.12.2001 15:24.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Alle legat som rettar seg mot eit kjønn er i strid med likestillingslova, seier Kristin Mile. Den einaste grunnen til å ha legat for eit kjønn, er å fremja likestilling. Slik kan ein tenkja seg at det er lovleg med eit legat for unge kvinner som skal ta teknisk utdanning, og ulovleg med same legat berre for unge menn.

Likestillingsombodet har nettopp sett på Margit og Herman Christensens legat som tilbyr støtte til unge, konservative menn som er under marin teknisk utdanning. Dette er i strid med lova, og må endrast, var konklusjonen frå likestillingsombodet. Det har fått legat-styret til å endra reglane sine slik at dei er i pakt med norsk lov, seier advokat Harald Krogh-Hansen som styrer legatet. No kan både kvinner og menn som tar marin teknisk utdanning, få økonomisk støtte frå Margit og Herman Christensens legat.

I kantina på Marinteknisk senter på NTNU i Trondheim ler studentane av formuleringane i legathandboka om Christensens legat. Det virkar alderdommeleg og frå ei tid då jenter ikkje studerte marintekniske fag, seier studentane Kristine Adal og Kristine Brobakke.
-Me kan vel også vera unge og konservative, seier Kristine Adal, som først og fremst opplever reglane som komiske.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no