skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
USA vil bruka militærdomstolar:

Inga norsk innblanding

Amerikanarane må sjølve få avgjera korleis dei skal rettsforfylgja terrormistenkte. Det sa utanriksminister Jan Petersen i spørjetimen i Stortinget i dag.

Publisert 21.11.2001 15:15. Oppdatert 26.11.2001 11:36.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Jan Petersen vil ikkje ta stilling til om det er rett av amerikanarane å bruka militærdomstolar for å stilla terrormistenkte for retten.

Men no møter han motstand for det mange meiner er ei slapp haldning til dei amerikanske planane om å ta i bruk militærdomstolar i rettsoppgjeret etter terroråtaka 11.september.

I spørjetimen ba Kristin Halvorsen frå SV, Bjørn Jacobsen frå SV og Åslaug Haga frå Senterparti regjeringa om å kreva at terrormistenkte skal rettsforfylgjast i ein internasjonal rett.

Også i regjeringspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti er det stor motstand mot dei amerikanske planane om militærdomstolar. Det er betenkeleg at eit land tar seg til rette i ein internasjonal konflikt, seier Lars Rise frå Kristeleg Folkeparti til Her&Nå. Både han og den parlamentariske leiaren i Venstre, Trine Skei Grande meiner militærdomstolar er lite demokratiske fordi rettsforhandlingane der er lukka.

Men begge dei to er positive til at Jan Petersen i Stortinget i dag sa at regjeringa legg til grunn at USA held seg til menneskerettane, og at Noreg ikkje kjem til å utlevera nokon som risikerer dødsstraff i eit anna land.

Amnesty International Norge skriv i ei pressemelding etter spørjetimen i dag at Jan Petersen ikkje kan ha forstått rekkevidda og innhaldet i den militære domstolen den amerikanske presidenten har oppretta.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no