Kyrkjefolk er meir miljøengasjerte enn andre folk. Og medan miljøengasjementet hos folk flest har gått ned dei siste åra, er dei aktive i kyrkja blitt meir opptekne av miljøvern. Det viser ei ny undersøkjing frå Stiftelsen Kirkeforskning.

Folk som går ofte i kyrkja, er er meir opptekne av å sortera søppel, køyra kollektivt, ha eit mindre forbruk og eta økologisk mat og drikka kaffi som gir kaffibøndene skikkeleg betaling.
Kyrkjegjengarane er også meir villige enn andre til å gå ned i levestandard for å verna miljøet, seier forskar Pål Ketil Botvar i stiftelsen for kirkeforskning. Han har forska på miljøengasjementet i kyrkja.
I 1993 var fem prosent av det norske folket medlem av ein miljøvernorganisasjon. Den gongen var det ingen skilnad på kyrkjegjengarane og andre når det gjaldt miljøengasjementet. I dag er folk flest blitt mindre opptekne av miljøvern, medan fleire av dei aktive i kyrkja har blitt medlem av ein miljøorganisasjon.
Pål Ketil Botvar trur dette kan skuldast at Kyrkjemøtet det siste tiåret har diskutert forbruk og etikk, og at dette også har ført til at kyrkjelydane har blitt meir opptekne av miljøvern på nitti-talet.
Samtidig viser undersøkjinga frå Stiftelsen Kirkeforskning at det store skillet i miljøengasjement ikkje går mellom kyrkjefolket og dei andre. Derimot viser undersøkjinga at folk med eit klart livssyn om det er kristent eller ateistisk, er meir opptekne av miljøvern. Livssyn er lik miljøengasjement, seier forskar Pål Ketil Botvar.