skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Ja til kortidstilsette

Det er for vanskeleg å ta inn folk på kort-tidskontraktar, meiner dei tre partia som no sit i regjeringsforhandlingar. Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti vil mjuka opp arbeidsmiljølova.

Publisert 03.10.2001 15:43.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
-På denne måten kan den nye regjeringa gjera seg til uvenns med ei samla fagrørsle alt før dei har kome seg inn i regjeringskontora, seier leiar i YS Randi Bjørgen til Her og Nå.

Medan Stortingsrepresentant Erna Solberg frå Høgre meiner det er viktig at bedriftene kan vera meir fleksible når dei treng folk.

I arbeidsmiljøloven heiter det i dag at folk berre kan vera kort-tidstilsette når dei vikarierer for nokon, når det er snakk om eit tidsavgrensa prosjekt eller i sesongarbeid. Det er denne regelen den nye borgarlege regjeringa vil ha oppmjuka etter det me forstår, slik at det skal bli lettare for bedriftene å ta inn folk når det trengst.


På lageret til COOP i Trondheim prøver Handel og Kontor-klubben å få fast tilsett fem personar som har gått på kort-tidskontraktar i eit og eit halvt år. Dei vart tekne inn for å ta ein topp, men COOP har hatt bruk for dei heile tida etterpå. Likevel har dei heile denne tida berre hatt arbeidsavtalar for ein månad eller tre. -Dette er ikkje riktig, seier nestleiar i klubben, Terje Løkke. Dei vil at COOP skal ta på seg arbeidsgivaransvaret, og tilsetta alle fem.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no