Kjensler styrer verdsøkonomien. Redsla etter terroråtaka gjer at folk ikkje brukar penger. Sjølv om hendingane i New York og Washington var ufattelege tragediar, anslår forsikringsekspertar at dei økonomiske verknadane ikkje burde vere verre enn ved naturkatastrofar. Likevel ser det ut til at verdsøkonomien no er i tilbakegang.
-Frykten har tatt overhand, seier Erling Røed Larsen som er økonom i Statistisk Sentralbyrå.
-Dei irrasjonelle, kjenslebaserte mekanismene i marknadsøkonomien er mykje sterkare enn økonomar likar å innrømme, seier Røed Larsen som legg til at psykologar og økonomar forskar på samanhengane mellom irrasjonelle og rasjonelle forventningar.

Renault varslar at dei må stanse bilproduksjonen i heile Frankrike fyrste veka i november, og muligens også i Spania. Årsaka er at folk er usikre etter terroråtaka. Både privatpersonar og næringsliv vegrar seg for å bruke pengar. Verst er imidlertid situasjonen for flyindustrien. The Economist varslar at på verdsbasis kjem 100 000 mennesker til å miste jobbane sine i flyindustrien.

Det sveitsiske flyselskapet Swissair gjekk nyleg konkurs.
-Vi hadde alt skrive av mellom 19 og 20 millioner i tap då terroråtaka i USA slo botnen ut av reiknskapet vårt. Heile flyindustrien er råka av kredittinnstrammingar, og det traff vårt konsern akkurat då vi heldt på å koma oss opp, seier styreformann Marti Corti i Swissair.