Politikarane strevar med å finna fram til ei styringsdyktig norsk regjering etter Stortingesvalet. Avtroppande stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl meiner sperregrensa er for låg, og at utjamningsmandata fører til eit meir rotete Storting.

Det har vore ei uroleg politisk veke. Måndag starta med at Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti endå ein gong låste seg inne på eit møterom for å diskutera. Men utpå kvelden vart det brot mellom Venstre og Kristeleg folkeparti på den eine sida og Høgre på den andre.
Jan Petersen gjekk så til Framstegspartiet for å få støtte der til å danna ei rein høgre-regjering, men forlot kontoret til Carl I Hagen etter 20 minutt utan den støtta han ønska seg. Deretter måtte Jan Petersen gå på gummisålar den tunge vegen tilbake til venstre og kristeleg folkeparti - og no ser det ut til at det blir regjering, men kanskje med ei kronglete framtid der dei skal køyra slalåm mellom framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet for å få fleirtal for sakene sine.

Dette er så vanskeleg fordi det er altfor mange småparti på Stortinget, sa tidlegare høgrestatsministar Kåre Willoch i Redaksjons 21 i fjernsynet i går kveld. Han meiner sperregrensa bør hevast for å hindra at det blir så mange småparti på Stortinget.
Avtroppande Stortingpresident Kirsti Kolle Grøndahl er samd med Willoch. Ho kan tenkja seg å heva sperregrensa til fem prosent. Ho meiner også at ordninga med utjamningsmandat fører til eit rotete Storting. Hadde Venstre fått nokre få fleire røyster, hadde partiet kome over sperregrensa. Då hadde Venstre sikra seg seks utjamningsmandat som hadde ført til ei gruppe på åtte i staden for to. Det hadde ført til at dei andre partia hadde blitt endå mindre, og slik er utjamningsmandata med på å skapa mange småparti, seier Kolle Grøndahl.
Venstre-politikar Harald Hove er usamd. Det er først og fremst Venstre som blir ramma dersom sperregrensa blir heva. Me hadde ikkje fått ei meir styringsdyktig regjering med eit Storting utan Venstr, seier han.