skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Ny regjering i gasskraft-trøbbel

Gasskraftverk-saka blir den store nøtta å knekka i regjeringsdiskusjonane. Høgre vil gjerne byggja gasskraftverk NO, medan Kristeleg Folkeparti og Venstre vil venta.

Publisert 18.09.2001 15:21. Oppdatert 18.09.2001 15:54.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Det kan bli vanskeleg for høgre, kristeleg folkeparti og venstre å bli samde om gasskraftverksaka. Sentrumsregjeringa gjekk av då Stortingsfleirtalet med Høgre og Arbeidarpartiet sa ja til å byggja gasskraftverk med dagens teknologi som inneber CO2-utslepp. Venstre og Kristeleg Folkeparti vil ikkje gi noko løyve før teknologien gjer det mogleg med forureiningsfrie gasskraftverk. No vil dei tidlegare politiske motstandarane inn i same regjering.

Snorre Gundersen frå Høgre i Nord Trøndelag meiner Høgre ikkje kan sittja i ei regjering som utset byggjing av gasskraftverk inntil vidare. Her finst det ikkje prutningsmonn, seier han til Her&Nå.

Det er i Nord Trøndelag gasskraftverk-saka er særleg viktig. Medan dei to planlagde gasskraftverka på Vestlandet har fått klarsignal til å settja i gang, ventar Norske Skog på endeleg løyve for eit gasskraftverk på Skogn i Nord Trøndelag. Venstre og Kristeleg folkeparti klamrar seg til at tida arbeider for dei. Før eller seinare vil teknologien koma fram til forureiningsfrie gasskgraftverk, men så lenge kan ikkje Høgre venta, seier Snorre Gudnersen

I dag er første diskusjonsdag for dei tre partia som i utgangspunkt har lyst til å danna regjering saman. No skal dei finna ut om det er mogleg å sameina Høgre-kravet om å byggja gasskraftverk NO, med Kristeleg Folkeparti og Venstre sitt syn om å venta.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no