Foreldre med sjuke barn, kronisk sjuke og gravide kjem ikkje til å bli trekt i lønn under sjukdom dersom det nyvalde Stortinget reduserer sjukelønna. Venstre vil også skjerma alvorleg sjuke som kraftpasientar og låglønte kvinner.
Det er Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre som vil endra sjukeløna. Men Kristeleg Folkeparti håpar framleis at dei skal sleppa å gjera noko med sjukeløna, seier partileiar Valgerd Svarstad Haugland til Her og Nå. Det aller beste vil vera om partane sjølve greier å bli samde om ei ordning som reduserer sjukefråveret, seier ho.
Men dersom det likevel skulle bli naudsynt for stortinget å endra sjukelønnsordninga, har Kristeleg folkeparti og dei tre andre partia samla seg om å redusera løna vår med 20 prosent dei første 16 dagane av ein sjukeperiode. Men no kjem kampen for unntaka.
Alle dei fire partia er også samde om at gravide, foreldre med sjuke barn og kronisk sjuke framleis bør ha full løn. Berre Venstre synest no at folk med lita løn og alvorleg sjuke kreftpasientar til dømes heller ikkje må få redusert lønn når dei er borte på grunn av sjukdom.