Gravide må rekna med å få redusert inntekta si med minst eit par tusen kroner dersom politikarane vedtar å redusera sjukelønna. Dei fleste gravide blir sjukmelde minst ein gong i svangerskapet, og blir såleis taparane for ei omlegging av sjukelønnsordning.
Over 60 prosent av alle gravide er sjukmelde ein eller fleire gonger i svangerskapet, i fylgje tal frå Rikstrygdeverket. Det utgjer ni prosent av det totale sjukefråveret for kvinner.
Framstegspartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti går alle til val på å redusera sjukelønna. Men før valet er dei ikkje einige om kor mykje mindre me skal få i lønn når me er sjuke, og i dag har ingen høve til å kommentera at dette særleg kjem til å gå ut over gravide.
Etter det Her og Nå forstår strevar Kristeleg folkeparti med korleis dei skal hindra at nettopp gravide mistar lønn dersom dei blir sjukmeldte.
Sandman-utvalet - som såg på måtar å få ned sjukelønna på - foreslo at at lønna berre skal vera 80 prosent av vanleg lønn dei første 16 dagane av ein sjukeperiode. Det vil i tilfelle seia at dei fleste gravide får redusert inntekta si med eit par tusen kroner.