skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

AP-valtest berre for AP

Det er berre plass til tre parti på val-testen til Arbeidarpartiet på nettet. Dei som ikkje er samde med Høgre eller Framstegspartiet, endar opp i Arbeidarpartiet.

Publisert 27.08.2001 15:56. Oppdatert 27.08.2001 15:58.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Ein valtest på Arbeidarpartiet sine internettsider gir deg berre tre parti-alternativ, og alle som er til venstre for Høgre blir tilrådd å røysta på Arbeidarpartiet.

Her og Nå har testa stortingskandidatar både for SV og Venstre. Valgomaten til Arbeidarpartiet rår begge å røysta på Arbeidarpartiet utifrå meiningane deira på ymse politiske spørsmål.

Valgomaten gir folk tre svar-alternativ på dei ulike problemstillingane. Anten har du då meiningar som samsvarar med høgre, framstegspartiet eller høgre. Og testen er laga på ein slik måte, at dei som ikkje er samde med dei to høgre-partia, havnar i AP.

Dette reagerer både Erling Moe frå Venstre og Ingvild Vaggen Malvik frå SV på. Vaggen Malvik kallar testen for ekstrem. Venstremannen Erling Moe meiner det einaste poenget med ein slik test må vera at Arbeidarpartiet prøver å skjula motsetningane i norsk politikk.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no