Han heiter Håkon Magnus, han er fødd 20.juli 1973 og i morgon giftar han seg. På menyen står røykt kjøt og fisk, det blir opent hus og Håkon Magnus er frykteleg spent dagen før dagen:
Den norske kronprinsen har ein namnebror på Færøyane. Han heiter Håkon Magnus Djurhuus og det er vel grunn til å tru at han fekk det namnet fordi han er fødd på same dagen som den norske arveprinsen.
I morgon giftar han seg med si Elsi. Dei hadde likevel planlagt å gifta seg i år, og kva var vel meir naturleg å gifta seg på same dagen som sin norske namnebror?
Det har gjort Håkon Magnus til kjendis på Færøyane. Eg får ikkje fred for færøyiske medier, seier Håkon Magnus til Her og Nå.
I morgon inviterer han til opent hus. Sjølv har han røyka laksen til den store festen. Og han lovar at alle skal få mat.