skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Homsevenner til sokneråda

Norges Kristelege Studentforbund har sett i gang ein landsomfattande kampanje for å få homovennlege folk inn i sokneråda. Men dette provoserer andre deler av kristenNoreg. Usmakeleg og kyrkjesplittande er karakteristikkar kampanjen får.

Publisert 29.06.2001 15:29. Oppdatert 29.06.2001 16:08.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Kirke over alle grenser heiter kampanjen. Målet er at lesbiske og homofile skal kunna bli prestar eller ha andre vigsla stillingar i kyrkja, sjølv om dei lever i partnerskap.

Generalsekretær Cecilie Widnes i Norges Kristelige Studentforbund seier dette ikkje minst for dei homofile sjølve som gjerne vil delta i kyrkjeleg arbeid. Samtidig ønskjer organisasjonen å auka engasjementet rundt soknerådet.

Gjennom internett oppmodar kampanjen folk om å stilla til soknerådsvalet, eller røysta på folk som går inn for full integrering av homofile og lesbiske.

Soknerådsvalet handlar om makta i kyrkja. Men svært få bryr seg om det. For fire år sidan røysta berre tre prosent av kyrkjemedlemmene i soknerådsvalet. Mange stader måtte det også mild tvang til, for å få folk til å stilla til val.

Den manglande oppslutninga om soknerådsvalet er eit demokratisk problem som både kyrkja sjølv og kyrkjedepartementet vil gjera noko med. Departementet har løyvd ni millionar kroner for å få fleire til å delta i valet til sokneråd i haust.

Kristeleg folkparti-politikar i Oslo, Gunnar Prestegård, meiner kampanjen er kyrkjesplittande, og at kampanjen bør avlysast med ein gong. Dei som står bak kampanjen, manglar sans for det kyrkja skal vera, seier han.

Generalsekretær Karl Johan Hallaråker i Indremisjonsforbundet kallar kampanjen for usmakeleg. Dette er i strid med kyrkjas lære, seier Hallaråker.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no