Politiet ansvarleg for gateslagSvensk politi mista kontrollen i Gøteborg, og oppførte seg brutalt, uklokt og valdeleg. I dag skuldar demonstrantar politiet for å ha ansvaret for gateslaga i Gøteborg. Publisert 18.06.2001 15:15. Oppdatert 18.06.2001 15:18.Tusenvis av demonstrantar kom til Gøteborg i helga for å seia si meining om EU og den internasjonale storkapitalen. Eit toppmøte i EU med den amerikanske presidenten på vitjing, var eit glimrande høve til å seia si meining.
Men dei fredelege massemønstringane vart overskygga av valdelege pøbel-demonstrantar i gateslag med politiet. No kjem oppgjeret om kven som hadde ansvaret for at Gøteborg vart omgjort til ei slagmark.
No fortel fredelege norske demonstrantar at dei vart møtt med hundar, hestar, køller og skjold då dei ville demonsterer mot Eu-toppmøtet i Gøteborg.
|