skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Amnesty provoserer konsular

Amnesty får i dag norske konsular på nakken. I mange norske aviser har Amnesty ei heil-sides annonse med namn og adresse på nordmenn som også er konsular for land som driv med tortur.

Publisert 08.06.2001 15:12. Oppdatert 08.06.2001 15:57.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Amnesty ber oss om å senda desse konsulane nokre ord. Og det har folk gjort. Dei konsulane Her og Nå har snakka med har motteke nesten hundre e-postar dei siste dagane frå folk som vil protestera mot tortur.

Dette er ein del av ein større Amnesty-kampanje mot tortur i samband med 40-års-markeringa til organisasjonen.

I dag er ei heilside i norske aviser retta mot 19 konsular som alle representerer statar med omfattande bruk av tortur i fylgje Amnesty.

Dette har fått konsulane til å reagera. Per Grieg senior som er norsk konsul for Brasil starta dagen i dag med å senda brev tilbake til Amnesty. Der skriv han at Amnesty no brukar metodar som virkar mot føremålet. Sjølv har Grieg støtta Amnesty International gjennom fleire år, men er no usikker på om han skal halda fram med støtta til Amnesty.

Knut Ødegård er generalkonsul for Makedonia i Noreg. Han kallar denne kampanjen for smaklaus. Dersom Amnesty vil ta opp forholda i Makedonia med han, bør dei gjera det utan å setta han på det han oppfattar som ei svarteliste i avisene, seier Knut Ødegård.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no