skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Verneombod stengde skule

Sopp og råte førte til at verneombodet stengde Nyborg Oppvekstsenter fredag. Ny rapport viser at nesten alle lærarar og elevar har helseplager.

Publisert 01.06.2001 16:01. Oppdatert 01.06.2001 16:07.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Nesten 300 elevar på Nyborg Oppvekstsenter i Trondheim er utan skule. I går kveld stengde verneombodet skulebygningane fordi han meiner det er helsefarleg for elevar og tilsette å vera der. Ei ny undersøkjing dokumenterer at 90 prosent av lærarane og 80 prosent av elevane har helseplager som kan skuldast sopp og råte.

Skulen er bygd tidleg på 60-talet og var den gongen rekna som ein fin skule. Då var asbest-plater rekna som eit glimrande byggjemateriale. I dag veit me at det kan føra til lungekreft å pusta inn asbest-støv. Og det gjer lærarar og elevar på Nyborg Oppvekstsenter kvar einaste dag.

Foreldre og lærarar på skulen har i lang tid visst at inneklimaet på skulen ikkje har vore bra. Men denne veka la representantar i foreldreutvalet fram ei helse-undersøkjing som viser at nesten alle på skulen har helseplager som allergi og astma, vondt i hovudet eller konsetntrasjonsproblem. Det fekk verneombodet til å stenga skulen.

Verneombod og foreldre er samde om at bygningane på Nyborg Oppvekstsenter må sanerast, og at det må byggjast nytt med ein gong. Det kjem til å kosta Trondheim Kommune 70 millionar kroner. I tillegg er det mange andre skular som har tilsvarande sopp-problem som Nyborg. Dermed kan rekninga for kommunen koma opp mot ein milliard kroner skriv Adresseavisen.

Fredag var kommunaldirektøren og arbeidstilsynet på skulen for å finna ut om det er rett å stenga skulen. Resultatet av den undersøkjinga blir klar etter pinsehelga.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no