Av
Andrea Kvamme Hagen
Moralske kvaler
Få TV-seriar har sett sine spor i norske TV-sjåarar så kraftig som Dynastiet, eller The Dynasty som serien heiter på originalspråket. Då serien kom på NRK i 1983 representerte den noko nytt innan seriesamanheng i Norge, noko som i første omgang skapte ein stor moralsk debatt. Serien inneheldt jo både sex, utroskap og alkohol, og dette var ikkje bra for det norske folk sånn midt i laurdagskosen.
 |
Alexis (Joan Collins), Blake (John Forsythe) og Krystle (Linda Evans) - en uforglemmelig trio. Familielykken ble truet av den onde heksa - igjen og igjen og igjen... (Foto: Camiera Press/SCANPIX) |
- Den perfekte oppskrifta på norsk offentleg debatt, seier Jostein Gripsrud, professor ved institutt for medievitskap på Universitetet i Bergen. Han har skrive boka ”The Dynasty years” og kjenner nok Blake, Krystal, Alexis og alle dei andre betre enn nokon her i landet. Typisk nok var kristelege krefter mot serien. Kristeleg Kringkastingslag til dømes hadde ”alvorlege innvendingar mot det livssynet som vart presentert i Dynastiet”. Likevel høyrde ein historier om bibel-grupper som vart oppløyste fordi medlemmene heller ville vere heime og sjå på den nye såpeserien.
Glitter og glamour
- Men kva var det med Dynastiet som greip det norske TV-publikum?
- Det var nok først og fremst dramaturgien, handlinga og det psykologiske spelet, som gjorde at sjåarane benka seg framføre skjermen veke etter veke, seier Gripsrud. Men legg til at glitter og glamour òg var ein viktig faktor. Dei store husa, champagnen, fargerike, glitrande kjolar og dyre bilar, alt dette appellerte tydelegvis til sjåarane på 80-talet.
- Kva med Krystal og Alexis?
- Jau, eg trur folk var veldig opptekne av den konflikten. Dei identifiserte seg med blonde, usuldige Krystal, og var fascinert av mørke, utspekulerte Alexis, vår første ”såpe-bitch”.
Trufaste sjåarar
 |
Skuespillerne i "Dynastiet" (Foto: SCANPIX) |
Dynastiet vart så populært at det greip inn i samfunnslivet på fleire måtar. Serien kom for første gong i 1983, men kom tilbake med fleire sesongar utover på 80-talet. Typisk for den tida var at foreingar, kor og liknande anten gjekk i oppløysing eller måtte skifte møtedag, for ”alle” måtte vere heime og sjå på Dynastiet når det gjekk.
- Eg har til og med høyrt om vaskekoner som jobba kveldsvakter som ba om å få andre arbeidstider, slk at dei også kunne følge med. Folk var verkeleg hekta, fortel Gripsrud.
Men Dynastiet førte til meir enn fryd og glede for sjåarane. Serien sette også viktige tema på dagsorden. I følgje Gripsrud byrja ei bygd på Vestlandet endeleg å snakke om tilhøva rundt ”uekte” barn, fordi dette vart teke opp i Dynastiet.
- Ein må hugse at Dynastiet var den første serien i Norge med ein markant homofil figur, seier Gripsrud, og trur at ved å bringe dette temaet inn i heimane til folk på laurdagskveldane vart ein meir opne om nettopp dette.