Av:
Andrea Kvamme Hagen
Mission impossible?
- Vi fekk beskjed om å reise ut til Fornebu for å møte Kiss, og for å prøve å ta bilde av dei utan sminke. Det fortel Trond Solvang, fotograf i VG, som saman med kollega Sigurd Eidsøren, gjorde som dei fekk beskjed om.
 |
Ace Frehley og Paul Stanley, Kiss. (Foto: AP) |
Dei kontakta lufthavnkontoret på Fornebu, fekk tilgang til flyoppstillingsplassen, plasserte seg i posisjon og knipsa. Og snart sto bilda av Kiss utan sminke på trykk i VG som dei første i Noreg, og som nokre av dei første i verda.
Katastrofe
- Det var jo katastrofe for fansen, seier Stig Karlsen, leiar og general i Kiss Army Norway, den norske fanklubben til Kiss.
 |
Stig Karlsen, leiar og general i Kiss Army Norway, den norske fanklubben til Kiss. |
Og fansen gav uttrykk for denne katastrofen. Dei møtte opp utanfor VG-huset i Akersgata og protesterte høglydt.
- Dei sto der vel i to dagar, trur fotograf Solvang. Som ikkje merka så mykje til oppstyret reint personleg avdi han var på jobb på sørlandet. Det var kanskje like greit, for i følge Karlsen var det snakk om at nokon sendte, eller i alle fall skulle sende, brukte truser til fotografen og at ein trua med å brenne ned VG-huset.
Høyr meir om usminka Kiss-medlemmer ved å klikke på linken i medieboksen over. Innslaget er laga av Andrea Kvamme Hagen.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.