skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Irakisk kvinne med det sjuke barnet sitt på eit sjukehus i Basra. (Foto: Damir Sagolj/Reuters)
Irakisk kvinne med det sjuke barnet sitt på eit sjukehus i Basra. (Foto: Damir Sagolj/Reuters)

Fryktar koleraepidemi i Sør-irak

Verdas helseorganisasjon reknar med at det kjem til å bryte ut ein koleraepidemi i Sør-Irak, etter at det er registrert 17 tilfelle av kolera på to sjukehus i Basra.

Publisert 07.05.2003 19:13.
Av Tor Helge Haugland

WHO fryktar også at andre infeksjonssjukdommar som blir overførde gjennom vatn, kan bryte ut i Basra, den nest største byen i landet.

- Vi reknar med ein koleraepidemi i Sør-Irak, og vi fryktar fleire hundre tilfelle, sa Fadila Shaib, talskvinne i WHO, på ein pressekonferanse i Basra i dag.

Ho er uroa, men ikkje overraska over koleratilfella som er oppdaga, skriv telegrambyrået AFP.

Sjukdomsspesialist Denis Coulombier i WHO, har kalkulrt at det er ti gonger så mange tilfelle som dei 17 som er oppdaga.

Han seier at tre andre sjukehus i Basra truleg har fleire smitta pasientar.

Årsaka til utbrotet av kolera er at folk har drukke vatn direkte frå kjelda Shatt al-Arab, og at søppeltøminga i Basra ikkje fungerer, meiner WHO.

Også diare, mage-tarmkatarr og dehydrering rammar innbyggjarane i Basra.

Folk i området som ikkje har tilgang til inntransportert vatn, har fått beskjed om å koke vatnet før dei drikk det.

LENKER
Verdas Helseorganisasjon: Verdas helseorganisasjon: Helsesituasjonen i Basra
Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no