USA skifter ut US Marines-soldatane i Bagdad med 30.000 soldatar frå den ordinære amerikanske hæren.
Av
Bent J. Tandstad
Soldatane frå US Marines, ei eliteavdeling i det amerikanske forsvaret, skal trekkjast ut før 22. april, opplyser ei amerikansk militær kjelde til nyheitsbyrået AFP.
|
Det blir utskifting av dei amerikanske soldatane i Bagdad. (Reuters-foto) |
Det er soldatar frå fjerde infanteridivisjon som skal flygast inn til Bagdad frå Kuwait. Hovudoppgåva deira blir truleg å gjenopprette ro og orden i den irakiske hovudstaden og i andre delar av landet.
Soldatar frå den tredje infanteridivisjonen i Den amerikanske hæren er alt på plass inne i Irak er alt involvert i arbeidet for å skape ro og orden. Sist onsdag deltok ein av dei høgste offiserane i divisjonen på eit møte med lokale leiarar og lokalt politi for å diskutere tryggingssituasjonen.
Desse soldatane har også spisskompetanse når det gjeld vass-og elektrisitetsforsyning.
Det blir framleis meldt om kampar mellom amerikanske soldatar og den Saddam Hussein-lojale Fedayeen-militsen fleire stader i landet.