Amerikanske spesialstyrkar arresterte i føremiddag Saddam Husseins halvbror Barzan al-Tikriti i Bagdad.
Av
Bent J. Tandstad
Det var den amerikanske talsmannen ved sentralkommandoen i Qatar, brigader Vincent Brooks, som opplyste dette på ein pressekonferanse i ettermiddag.
|
Dette biletet frå 1999 viser Saddam Hussein saman med dei to halvbrørne, Barzan (t.v.) og Watban (t.h.) Begge er no arresterte av amerikanske styrkar. (Reuters-Ina-arkivfoto) |
Ingen skadd
- Tidleg i dag gjekk spesialstyrkar, støtta av US Marines, til aksjon og arresterte Barzan Ibrahim Hasan al-Tikriti. Ingen vart skadd i aksjonen, korkje på fienden si side eller på vår side, sa Brooks.
Han opplyste at Barzan var rådgjevar for det gamle regimet i Irak med nøye kjennskap til dei innerste kretsane i Saddam Hussein sitt maktapparat. Han var etterretningssjef frå 1979 til 1983, og han var Iraks FN-ambassadør frå 1988 til 1997.
Barzan al-Tikriti var nummer 52 på den amerikanske lista over dei 55 mest ettersøkte frå Saddam Hussein sitt maktapparat. Heimen hans vest for Bagdad vart øydelagd i eit amerikansk angrep sist veke, då seks såkalla smarte bomber vart brukt mot eigedomen.
Ein ven av familien sa like etterpå til nyheitsbyrået AFP at Barzan vart drepen i dette angrepet.
Sist veke stadfesta amerikanske embetsmenn at invasjonsstyrkane i Irak hadde arresteret ein annan av Saddam Hussein sine halvbrør, Watban, då ha prøvde å krysse grensa til Syria.
Nye Saddam-rykte
Det dukkar opp stadig nye rykte omkring Saddam Hussein. To arabisk-språklege aviser i London skriv i dag at Sasddam Hussein vart sett sist onsdag saman med sonen Qusay, same dagen som dei amerikanske styrkane inntok Bagdad.
Avisene skriv at dei to vart observerte nær Asharq-moskeen i det nrodlege Bagdad 9. april. Han var kledd i militæruniform, og også ei livvakt skal ha vore i følgjet hans. Kjelda til dette skal vere ein tidlegare offiser i den irakiske hæren. Dei skal ha forlate moske-området 12 timar før amerikanske fly angreip mål like ved.
Al Jazeera
Den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera viste torsdag bilete av eit husvære i Bagdad der Saddam Hussein etter rykta skal ha opphalde seg dei siste dagane før han vart styrta. Bileta viser eit husvære svært ulikt dei gedigne luksuspalassa til den avsette presidenten.
Romma var sparsamt møblerte, men eit rom hadde eit konferansebord. Her skal Saddam ha halde sine siste møte med Revolusjonsrådet, og her skal opptaket av den siste fjernsynsstalen hans vere teke opp, meiner Al Jazeera å vite.