skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

EU vil gi hovudrolla til FN

Leiarane i EU har på toppmøtet i Aten vorte samde om at FN må spele ei leiande rolle i gjenopbygginga av Irak.

Publisert 17.04.2003 10:48.
Av Bent J. Tandstad

I ei fråsegn frå det viktige EU-toppmøtet i Aten krev EU-landa også at dei amerikanske styrkane i Irak skal gjenopprette ro og orden i landet, sørgje for at humanitær hjelp kjem inn i det okkuperte landet, og verne irakiske museum og landet sin kulturarv.

EU gjer no alt for å glatte over tidlegare motsetningar internt i organisasjonen. (Reuters-foto)


Forsiktig

Fråsegna er forsiktig utforma, for å prøve å glatte over dei til dels harde motsetningane internt i unionen om Irak. EU gjer det klart at organisasjonen sjølv også er klar til å spele ei viktig rolle i den politiske og økonomiske gjenoppbygginga av Irak.

Masseøydeleggingsvåpen er ikkje nemnde i fråsegna, heller ikkje er det faktum at Saddam Hussein er fjerna frå makta med. Ingen andre av spørsmåla som splitta både EU og Tryggingsrådet i FN på midten før det amerikanske angrepet på Irak, er med i teksten.
EU-toppmøtet skjer på historisk grunn ved foten av Akropolis. (Reuters-foto)


- FN må spele ei sentral rolle, også i prosessen som skal leie fram til sjølvstyre for det irakiske folket. FN har unik erfaring og kapasitet til å gjennomføre nasjonsbygging etter ein krig, heiter det i fråsegna frå EU.

Vegkartet

I fråsegna frå EU blir det ogs kravd at det såkalla vegkartet for fred i Midtausten også blir gjennomført.

USAs president George W. Bush ba onsdag om at dei økonomiske sanksjonane mot Irak blir fjerna. Frankrikes president Jacques Chirac var raskt ute med eit svar, og gjorde det klart at det er opp til FN å avgjere akkurat det spørsmålet. Han la også til at EU støttar målet om å oppheve Irak-sanksjonane.

Sanksjonane forbyr andre land å kjøpe irakisk olje, utanom gjennom Olje-for-mat-programmet. Det er også ei rad andre varer som det er forbode å selje til Irak.

Demonstrasjonar

Som vanleg ved alle toppmøte var det også karftige demonstrasjonar i Aten i går. Politiet måtte bruke tåregass for å spreie fleire tusen demonstrantar som protesterte for EU-toppmøtet.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no