skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Jubel og lovløyse i Bagdad

Amerikanske styrkar blir møtte med jubel i Bagdad, samstundes som det blir meldt om lovlause tilstandar i byen. I føremiddag vart FN-hovudkvarteret i byen plyndra, og irakisk politi var heilt fråverande.

Publisert 09.04.2003 10:33. Oppdatert 09.04.2003 13:01.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Eit kamerateam frå Reuters såg at plyndrarar stakk av med fleire av bilane til FN.

Også butikkar og andre bygninger like ved hovudkvarteret til Den irakiske olympiske komiteen, som blir leidd av ein av sønene til Saddam Hussein, blir utsett for plyndring. Det er motstridande meldingar om også det olympiske hovudkvarteret er plyndra.

Innbyggjarar i Bagdad helsar dei amerikanske soldatane velkomne. (Foto: Reuters)


Saddam-byen

Amerikanske styrkar gjekk i natt inn i den fattige bydelen Saddam-byen i den nordaustlege delen av Bagdad. Dei møtte lite motstand, men i kjølvatnet av dette blir det meldt om plynding av butikkar i området. Det er særleg møblar, mat, elektriske artiklar og tepper folk sikrar seg.
Innbyggjarar i Saddam-byen i Bagdad riv ned eit bilete av Saddam Hussein i føremiddag. (Reuters-foto)


Ikkje stadfesta meldinger fortel at væpna sivilistar hadde tvunge soldatar frå Fedayeen Saddam-militsen ut av bydelen før amerikanarane gjekk inn.

Jubel

Amerikanske styrkar gjekk i føremiddag norsk tid inn i sentrum av Bagdad frå aust. Her vart soldatane helsa av ei jublande menneskemengde. Reuters-korrespondent Sean Maguire fortel at folk kasta blomar på soldatane då dei passerte Martyrmonumentet, som ligg tre kilometer frå den viktige Jumhuriya-brua over Tigris.

- Dette er heilt utrulege scener, sa McGuire etter ein køyretur frå den fattige Saddam-byen til meir velståande villaområde.

Han fortel at menneskemengda består av for det meste unge og middelaldrande menn, og at mange av dei har Manchester United-drakter på seg. Ei gruppe ropte "Aldri meir Saddam Hussein.

Ein reporter frå BBC stadfestar at dei amerikanske styrkane blir møtte med jubel i den austlege delen av Bagdad.

Ikkje over

Samstundes seier ein amerikansk militær talsmann at det er altfor tidleg å snakke om at slaget om Bagdad er over. - Det kan bli mange dagar til med kampar i Bagdad, seier talsmannen til Reuters.

Likevel spør innbyggjarane i den irakiske hovudstaden seg i dag kven som eigentleg har kontrollen i byen. Fjernsynet er gått i svart og radioen spelar patriotisk musikk. Politiet og dei militære er ikkje å sjå.

Satellitt-bilete av sentrum av Bagdad. (Foto:


- Du er journalist. Kan du fortelje meg kva som skjer. Kvar er regjeringa? Kven er det som styrer oss? Eg veit ingen ting, seier ein fortvila butikkeigar frå Bagdad til ein Reuters-journalist han møter på eit sjukehus i byen. Butikkeigaren vitja sonen sin som er innlagd på sjukehuset.

Ei kvinne som arbeider som reingjeringshjelp på det same sjukehuset seier: - Eg vil gjerne vite når dette kaoset er over. Radioen og fjernsynet er ute. Har regjeringa vår kontroll eller ikkje, spør ho journalisten.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no