skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Saddam Hussein på TV igjen

Irakisk fjernsyn har i kveld vist bilete av Saddam Hussein på vandring gjennom ein bydel i Bagdad med utbomba hus, der han mottok innbyggjarane sin hyllest.

Publisert 04.04.2003 18:44. Oppdatert 04.04.2003 23:06.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Bent J. Tandstad

Det kom heilt overraskande då irakisk fjernsyn i kveld viste eit innslag der Saddam Hussein vitja eit område av Bagdad som har vore bomba av amerikanske fly. Han var kledd i militæruniform, og vart møtt av jublanda innbyggjarar. Nokre kysste persidenten på kinnet og på hendene, og Saddam Hussein sjølv heldt opp eit lite barn.

Saddam Hussein mottok folket sin fagnad i Bagdad på irakisk fjernsyn i kveld.


Nær flyplassen

Det er mykje som tyder på at opptaka var gjort i eit område i den vestlege delen av Bagdad, ikkje så langt frå den amerikansk-okkuperte flyplassen.

Innslaget blir tolka som eit forsøk på å mane innbyggjarane i Bagdad og soldatane til kamp mot dei amerikanske og britiske styrkane, og styrkje moralen. På denne måten ville eineherskaren vise at han framleis har kontrollen.

Det vart sagt at bileta var tekne i dag. Spekulasjonane går for fullt om det var presidenten sjølv som var ute på byvandring eller om det var ein dobbeltgjengar. Som vanleg er det ingen som kan gi eit sikkert svar.

Tidlegare i kveld oppmoda Saddam Hussein i ein fjernsynstale innbyggjarane i Bagdad om å møte dei amerikanske invasjonsstyrkane med våpen i hand, og lovde dei ein sikker siger.


Observatørar har merka seg at han nemnde nedskytinga av eit amerikansk kamphelikopter 24. mars. Han trekte fram bonden som skaut ned helikopteret med ei gammal muskedundre, og framheldt bonden som eit ideal for den irakiske motstanden mot okkupanten. Dermed kan dette vere det første beviset på at Saddam Hussein overlevde angrepet på eit av presidentpalassa hans 20. mars.

I live

Ein anonym amerikansk etterretnings-tenestemann seier til nyheitsbyrået AFP at talen i kveld tyder på at Saddam Hussein er i live. - Det er ikkje noko endeleg bevis, men det gir klare indikasjonar på at han er i live, seier tenestemannen.

Det har gått rykte om at den irakiske presidenten vart drepen eller sterkt skadd i angepet, men irakiske styresmakter har heile tida avvist dette.

Det ha vore vist innslag med Saddam Hussein fleire gonger sidan krigen starta for 15 dagar sidan, men det har vore umogleg å slå fast når opptaka var frå. Dette er første gong han har nemnd ei spesiell hending.

Saddam Hussein brukte i talen nedksytinga av det amerikanske kamphelikopteret som eit døme på at ein med enkle våpen kan sigre over fienden si overmakt.

Det har lenge vore kjent at Saddam Hussein har fleire dobbeltgjengarar som deltek på møte og likande i staden for presidenten. Mannen som heldt talen i ettermiddag kan i teorien vere ein slik dobbeltgjengar, og såleis kan ingen vere sikker på at Saddam Hussein er frisk og rørig.

Dei fleste observatørar trur likevel at Saddam Hussein er live, og at berre dei næraste medarbeidarane hans veit kvar han er.

Styrke

- Angrip inntrengjarane med styrke, kjemp mot dei når dei kjem til Bagdad. Ver trufast mot prinsippa dykkar, mot trua dykkar og æra dykkar, sa Saddam Hussein i talen.

- De høgt elska innbyggjarar av Bagdad og Irak. Med Guds hjelp vil de sigre, og ved Guds vilje skal inntrengjarane bli slegne og fordømde, sa han også. Han var kledd i full feltuniform både då han heldt talen og under byturen som vart vist på fjernsyn seinare.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no