USA påstår at deira bombefly og bakkestyrkar har øydelagd to divisjonar frå den irakiske Republikanargarden. Irakiske styresmakter avviser dette, men vedgår at 17 soldatar er drepne.
Av
Bent J. Tandstad
Det var den amerikanske brigaderen Vincent Brooks som i ettermiddag fortalde til journalistar at flyangrepa hadde "øydelagd" den såkalla Bagdad-divisjonen like utanfor byen Kut, 170 kilometer søraust for Bagdad. Brooks sa også at det var gjort betydeleg skade på to andre divisjonar av Republikanargarden.
|
Brigader Vincent Brooks seier at amerikanske styrkar har "øydelagd" ein heil divisjon av Republikanarargarden. (Foto: Tim Aubry, Reuters) |
Medina-divisjonen
Seinare i kveld sa den amerikanske generalmajoren Stanley McChrystal at også den såkalla Medina-divisjonen av Republikanar-garden var sett ut av spel. Soldatar frå dei ordinære irakiske styrkane blir no sett inn for å styrkje desse divisjonane, noko han tolka som eit klart teikn på at det står dårleg til med det irakiske forsvaret.
Stanley McChrystal seier at amerikanske soldatar no står rundt 50 kilometer frå Bagdad. Kjelder ved fronten seier at amerikanske soldatar stå berre 30 kilometer frå den irakiske hovudstaden
Republikanargarden er rekna for å vere Saddam Hussein sine elitesoldatar. Kvar divisjon består av 12.000 soldatar. Brooks sa ikkje klart kva som hadde skjedd med divisjonen, men gjorde det klart at dei ikkje lenger kunne reknast som kampdyktige.
General Peter Pace i US Marines seier til fjernsynsstasjonen CNN at amerikanske luftoperasjonar og angrep på bakken dei siste dagane har vore svært suksessfulle, og gjort alvorleg skade på fleire av divisjonane i Republikanargarden.
Oberst Will Grimsley, sjef for den første brigaden i det tredje amerikanske infanteridivisjonen, seier i kveld at dei amerikanske styrkane no truar Bagdad.
Irak avviser
Ein irakisk militær talsmann seier på si side at påstandane frå brigader Brooks og general Pace er fullstendig grunnlause, og at både Bagdad-divisjonen og Medina-divisjonen er fullt ut operative.
- Bagdad-divisjonen har full kontroll over situasjonen. Soldatane har ein moral av stål og er klare til nedkjempe fienden, seier talsmannen til nyheitsbyrået Reuters. Heller ikkje dei andre divisjonane i Republikanargarden skal vere påført skade, seier han.
Litt seinare i ettermiddag opplyste ein talsmann for Republikanargarden at 17 av soldatar i elitestyrken er drepne og 35 skadde i kampar med amerikanske styrkar. Han avviste at styrken på nokon måte er hardt ramma.