skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Dag 2 eller Dag A?

Rapport frå den amerikanske kommandosentralen i Sayliyah-leiren, Qatar:


Publisert 21.03.2003 22:21. Oppdatert 21.03.2003 22:26.
Av Sigrun Slapgard, NRKs utsendte utanriksreporter

Opptrappinga av krigen gjer at vi møter opp til mediasenteret med større forventningar på Dag 2: Nå må vel den mediaskye general Franks endeleg uttale seg om krigens gang? - Her er krigens hjerne; herifrå blir den styrt via dataskjerm. Det er hektisk stemning og ekstra summing av pressefolk ved inngangen til den strengt vakta basen. Køen forbi dei spesialtrena "bombehundane" er lengre enn i går. -Endeleg, seier eit team frå amerikanske NBC, - endeleg skjer det noko, i 20 dagar har vi venta her i ørkenen.

Dei som veit

Tommy Franks, den løyndomsfulle generalen (REUTERS/Kevin Lamarque )
Der inne bak piggtråden ligg det ei pressemelding og ventar på oss. På papir får vi stadfesta det vi alt veit: Eit helikopter har gått tapt, åtte britiske og fire amerikanske soldatar har mista livet. Men vi har mange andre spørsmål - og vi har blitt lova militær briefing. Det er i grunnen derfor vi er her, cirka 600 pressefolk. Vi er utålmodige: Kva med B 52 flya som har tatt av i Storbrittania, kva slags bruk er det av flystripa (Persiabuktas lengste) like ved oss her i Qatar? Både B 2 Stealth-fly og B 52 er observerte, offisielt er stripa til bruk for frakt og etterfylling av flybensin, men Qatar vil helst ikkje at arabiske naboland skal vite kva dei lar seg bruke til. Kva med den irakiske hamnebyen Umm Quasr, er den straks under kontroll slik det vart meldt klokka elleve?? Kva gjekk feil med Patriot-rakettane som skulle forsvare Kuwait? Og er det rett at den første amerikanske marinesoldaten er drepen i kamp inne i Irak? - Her i kommandosentralen har dei folk som veit svara på alt dette. Men ingen har hastverk med å snakke.

Spel for galleriet

Berre eit løfte om ei presseorientering etter lunsj. Og lunsj viser seg snart å bli middag. For så å bli etter middag. Vi er rovgriske og svoltne, vi vil stille desse spørsmåla og tvinge fram svar, sanne eller løgnaktige. Vi vil ikkje bli prisgitt britisk-amerikanske TV-skjermar som surrar og går med krig på direkten. Utpå ettermiddagen får vi fornya løfte om at ein av dei ansvarlege vil møte pressa - ikkje den amerikanske, heller ikkje den britiske øvstkommanderande, men den australske forsvarssjefen M.R. McNarn. Eit pussig spel for galleriet utviklar seg: CV-en til McNarn blir sirkulert, blitz og kamera er tente, så plutseleg kjem kontrameldinga: Mannen stiller ikkje for eit samla pressekorps likevel. Men vi som kikkar over piggtrådgjerdet blir vitne til at den australske øvstkommanderande snakkar med australske TV-team. Snart står alle ved piggtråden, teama filmar kvarandre. Ein frustrert japansk reporter kjem bort til meg og vil vite om eg har hørt det? - At amerikanarane sette foten ned, dei ville ikkje at den australske øvstkommanderande skulle bli den første på podiet.

Frustrert

Slik går spekulasjonane. Eg for min del har alliert meg min kollega i Al Jazeera, Fawzi Bushra, men også han er frustrert. Han er fornøgd med å jobbe for den einaste arabiske TV-kanalen som ligg ute her på basen, men akkurat nå kjem også Al Jazeera til kort. Saman står vi og ser på det hans fem utsendte i Irak rapporterer etter som Dag 2 går mot slutten - alt tyder på at dette ender opp som Dag A: Det liknar på den store smellen som Pentagon lova for snart 24 timar sidan. Og alt tyder også på at Dag 3 kan bli ein vanskeleg dag - når dagslyset avslører nattas herjingar. Kanskje er det dagen for at generalen sjølv, Tommy Franks, kan tre opp på podiet og stille seg lageleg til for hogg? - Vi er klare her på basen i Qatar.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM KRIGEN MOT IRAK
Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no