skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Krev Irak-dokumet undersøkte

Den amerikanske senatoren John Rockefeller krev at FBI undersøkjer dei falske dokumenta som USA brukte som bevis overfor FN for at Irak prøvde å kjøpe uran i Niger.

Publisert 15.03.2003 14:59.
Av Tor Helge Haugland

President George W. Bush viste til bevisdokumenta i ein tale til nasjonen. (Foto: Getty Images)
Rockefeller uttrykkjer uro over at forfalskingane "kanskje er del i ein større bedragerikampanje som er satt i gang for å villeie opinionen og utanrikspolitiken i Irak-spørsmålet".

"Som de veit har Det internasjonale atomenergibyrået, IAEA, nyleg slått fast at ein del av dei dokumenta som USA overleverte er forfalskingar", skriv den demokratiske senatoren i eit brev til FBI-sjefen Robert Mueller.

Støtte

Dokumenta var med i materialet som amerikanske tenstemenn har brukt for å prøve å få støtte i Tryggingsrådet for påstandane om at Irak har biologiske og kjemiske våpen og eit kjernevåpenprogram, skriv telegrambyrået Reuters.

Ein talsman for FBI seier at politiet truleg kjem til å starte ei forundersøking, mellom anna for å avgjere om det er eit spørsmål for FBI eller om saka skal overlatast til tryggingstenesta CIA.

Ingen kommentar

CIA har ingen kommentarar til saka.

President George W. Bush viste til bevisdokumenta i ein tale til nasjonen, der han sa at Storbritannia hadde fått vite at Irak hadde prøvd å skaffe store mengder uran frå Afrika.

Amerikanarane opplyser at dei ikkje veit kven som forfalska dokumenta, men at dei blei overleverte til USA og britane av eit tredje land, utan at dei vil avsløre kva land det var.

Bakgrunn: Interaktive kart over Irak (29.01.2003)
Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no