skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Dobling av forkasta røyster

Dobbelt så mange røyster blei forkasta ved kommune- og fylkestingsvalget 15. september enn ved det tilsvarande valet i 1999.

Publisert 22.09.2003 07:13. Oppdatert 22.09.2003 11:27.
Av Helge Lyngmoe og Bent J. Tandstad

Dette går fram av tal NRK har henta inn frå åtte av dei største kommunane i Noreg. Helge Hermansen i valsekretariatet i Bergen seier til NRK at rot med røystesetlane førte til at mange røyster vart forkasta. Det viser seg at mange veljarar ikkje har forstått kva endringane i valprosedyren gjekk ut på.

Det var langt fleire forkaste røyster ved valet i år enn ved valet for fire år sidan.

Forkasta

I dei åtte kommunane NRK har vore i kontakt med blei det forkasta vel 6.100 røyster, mot 3200 i 1999, altså nesten ei dobling. Men det var også problem med førehandsrøystinga. I Finnmark blei rundt 30 røyster forkasta fordi posten ikkje rakk fram i tide.

Førsteammanuensis ved Institutt for samfunnsforsking, Tor Bjørklund, meiner at dei valansvarlege, som er Kommunaldepartementet, har gjort ein altfor dårleg jobb med å fange op feil som følgjer med innføring av ei ny valordning.

Her er tala på forkaste røyster frå dei åtte kommunane NRK har snakka med. Tala frå 1999 i parantes.

Oslo 2.444 (1.881), Bergen 1.392 (614), Trondheim 1.372 (208), Larvik 124 (98), Stavanger 206 (147), Bodø 92 (77), Kristiansand 285 (118) og Fredrikstad 256 (99).

Kosmo

Stortingspresident Jørgen Kosmo meiner informasjonen til publikum om endringane i vallova har vore for dårleg. Han meiner at Kommunaldepartementet straks må lage ei utgreiing om saka, for å unngå at liknande feil skal skje ved neste val.

Kosmo meiner det er naudsynt med ei avklaring, slik at ein kan ta ei avgjerd om det er informasjonen som har vore for dårleg, eller om det er best å skifte ut det nye valsystemet.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM VALGET 2003

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no