skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Nyheter/Innenriks/valg/valg 2003 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2003 Sist oppdatert 14:48
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
 
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Ikkje noko vanskeleg val

Inger Johanne Austad har levert si røyst. Sjølv om ho ikkje trur politikarane held lovnadane sine.

Publisert 15.09.2003 15:11. Oppdatert 15.09.2003 16:13.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Av Kjetil Malkenes Hovland

- Det var ikkje noko vanskeleg val, seier Inger Johanne Austad.

Vi er på Oslo Katedralskole for å ta pulsen på lokalvalet 2003. I døra står ein venleg herre og fortel oss kva reglar som er nye av året.

- Hugs for all del å brette setelen. Der er ingen konvoluttar i år, seier han.

- Skulen og dei eldre

Etter turen bak skjermbrettet spør vi Inger Johanne Austad kva saker som vart avgjerande for henne.

- Det er jo skulen og dei eldre, då, seier ho.
- Men det er det same som gjentar seg kvar gong. Dei lover og lover, men held det aldri!

Utanfor vallokalet står to unge menn frå høvesvis Venstre og Arbeidarpartiet og gjer eit siste desperat forsøk på å sanke røyster.

- Nokre kloke hovud hjå oss i Venstre har rekna ut at vi kaprar åtte prosent av stemmene våre i Oslo på denne måten, seier Eiliv Frich Flydal og deler ut ei liste til ein forbipasserande veljar.

- Skremmande mange usikre

- Det er skremmande mange som ikkje har bestemt seg, istemmer Trond Jensrud frå Ap.

Begge står med ein bunke setlar i handa for å kapre ”siste liten-veljarane”, dei som vil nytte sin demokratiske rett til å røyste, men ikkje heilt har bestemt seg for parti.

I Oslo kan nokre få røysters overvekt avgjere kven som blir byrådsleiar.

Ifølgje Venstre-representanten er partiet hans representert utanfor alle vallokala i Oslo for å kapre veljarar.

- Dette er eit verdival

Trond Jensrud frå Ap (t.v.) og Eiliv Frich Flydal frå Venstre prøver å kapre "siste liten-veljarane" utanfor Oslo katedralskole.
- Både høgre- og venstresida meiner dette er eit verdival, seier Flydal.

- Du kan seie at det er eit val mellom dei som vil ha fridom, og dei som vil ha tvang.

Men mannen med Ap-listene er usamd.

- Eller eit val mellom dei som vil selje kommunen og dei som vil ta vare på han, svarer Jensrud kjapt.

Men munnhoggeriet tek snart slutt. Det er ikkje så mykje att å seie for politikarane. No er det veljarane sin tur. Og dei får siste ordet.

- Eg trur diverre ikkje det blir noko god valdeltaking, seier Jensrud.

- Eg er optimist, etter å ha stått på gata og prata med folk, seier Flydal.


Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 
LES OM VALGET I DIN KOMMUNE
10 SISTE NYHETER
Følg debattane i
Stortinget på
direkten.
Video Video  Lyd Lyd
30 SISTE VALGNYHETER FRA HELE LANDET
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no