PakkenEtter at Jon vart dumpa av dama har det vore mykje festing og ditto dårleg økonomi. Publisert 03.01.2003 18:49. Ein kveld, etter ein fest, foreslår kameraten Kurt at Jon skal selja meir møblar for å retta opp økonomien. Ein grei plan, men på vegen plukkar gutane opp ein haikar, Elin, som er lærarvikar på Bømlo. Begge gutane har sans for henne, men særleg Jon får eit godt auge til Elin.
På farten er også Tanja og Roger - eit småkriminelt par frå Trøndelag som har større ambisjonar enn evnene skulle tilseie. Dei skal henta ein pakke med tvilsomt innhold og reisa heim att. Problemet er berre at i dette distriktet er dei heilt ukjende og treng ein guide for å finna fram. Med ufine metodar får dei lokka med seg Elin som guide framfor nasen på Jon og Kurt.
Regissør: Frode Nordås.
Med: Øystein Kloster, Narve Lerstad, Vera Holte, Ingrid Mørseth Tolstad, Sven Veine.
Lengde: 73 minutter.
|