skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Fjellrevforsking får refs

Live Kleveland Karlsrud, Dyrevernalliansen (Foto: NRK)
Live Kleveland Karlsrud, Dyrevernalliansen (Foto: NRK)
Forskarar henta fjellrev frå Finnmark for å berge stammen. Dyrevernalliansen hevdar den norske fjellrevforskinga er etisk kritikkverdig.

Publisert 29.10.2005 13:31. Oppdatert 30.10.2005 20:12.
Av Inger Johanne Sæterbakk

Vill fjellrev frå Finnmark, Saltfjellet, Børgefjell og Hardangervidda har blitt fanga inn til eit forskingsprosjekt hos Norsk Institutt for Naturforsking, NINA. No hevdar Dyrevernalliansen at denne verksemda er ulovleg, og dei vurderer å melde NINA til politiet.

- Svært alvorleg

- Opplysingar frå forskarane sjølve tyder på at dei har fanga inn fjellrev utan løyve, noko som er svært alvorleg, seier Live Kleveland Karlsrud i Dyrevernalliansen.
Karlsrud meiner dette er eit etisk kritikkverdig forskingsprosjekt.
- Det ei stor belasting for slike dyr å bli fanga av menneske, seier ho.

- Til det beste for dyra

Forskingssjef ved NINA, Inga E. Bruteig (Foto: NRK)
- Det arbeidet vi gjer er til det beste for fjellreven, seier forskingssjef i NINA, Inga E. Bruteig. Ho meiner skuldingane frå Dyrevernalliansen er grunnlause.
- Vi har løyve til å fange inn fjellrev, både for 2004 og 2005, i høve til forskriftene for fangst av villdyr, seier Bruteig.

Siste saker:

Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no