Mandag ettermiddag kom avgjerda om at Bryne får klubblisens for komande sesong.
Bryne er sikra 1. divisjonsspel komande sesong. Det er klart etter at klagenemda i Noregs fotballforbund har gitt Bryne klubblisens for komande sesong.
- Me blei veldig letta. Me har jobba knallhardt i ein lang periode og synes dette var fantastisk, seier leiar i Bryne ASA, Per Bergstad.
Svak økonomi i klubben førte til at Noregs fotballforbund ikkje ville fornya klubblisensen i byrjinga av september.
I ettermiddag kom avgjerda frå Noregs fortballforbund si klagemend, som godtek jærklubben si klage.
Av Terese Haaland