Bryne treng, etter det NRK-Rogaland veit, mellom 5 til 10 millionar kroner til drifta ut resten av sesongen.
Styreformann i Bryne, Per Bergstad, stadfestar at dei treng mange millioner kroner, men vil ikkje sei nøyaktig kor mange. Saka vert lagt fram på eit styremøte i klubben måndag, seier Bergstad.
Klubben skuldar både fotballforbundet, offentlege styresmakter og andre fotballklubbar millionbeløp tilsaman.