skilleTores Viking-blogg skilleAlt om Nokas-rettssakenskilleVæret i Rogalandskille_slutt
Toppbanner Sport Rogaland 3.1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Rogaland > Sport NRK Rogaland Sist oppdatert 16:40
POSTADRESSE:

NRK Rogaland

Boks 614 Madla

4090 Hafrsfjord

BESØKSADRESSE: Kringkasterveien 11

Ullandhaug

TELF: 51 72 72 72
FAKS: 51 72 72 55
Nettredaktør:

Bjørn Grimen

Tilrettelegging for nett:

Wenche Lamo Hadland


 

Inga løysing i Bryne

Bryne har ennå ikkje funne ei endeleg løysing på sine store økonomiske problem.

Publisert 24.06.2003 09:01. Oppdatert 24.06.2003 11:03.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Dagleg leiar i Bryne fotballklubb, Per Undheim, sa til NRK i går kveld at han håper problema er løyst i løpet av dagen, men styreleiar i Bryne ASA, Ole Terje Strøm, er mindre optimistisk.

Lokale investorar er på veg inn med opptil ein million kroner, men Strøm seier at klubben først må skaffa ein millionar kroner frå anna hald. Det vil sei frå lånegjevarar eller eksterne sponsorar, men klubben jobbar først og fremst lokalt, seier Strøm.

Strøm understrekar at det ikkje er ei endeleg løysing ennå.

Klubben treng to millionar kroner for å komma over denne kneika. Av dette er 1,3 millionar kroner feriepengar og arbeidsgjevaravgift.

Dersom ikkje Bryne klarer å løysa pengeproblema innan 15. juli vert spelarane fristilte frå kontrakten sin, men Strøm håper at dei slepp å senda spelarane og andre tilsette avgårde utan dei feriepengane dei har krav på. Frå før har dei fått utbetalt 15 000 kroner kvar.

Kneik i juni

Dersom Bryne kjem seg over denne kneika, har dei langt betre månader i vente.

- I juli forfell ein del sponsorinntekter, og vi har ein del heimekampar fram mot august, så det verste problemet er kortsiktig, seier Strøm.

Men utpå hausten skal Bryne overtyda fotballforbundet om at klubben fortener fornya profflisens.

- Den spøker i bakhovudet den og, utan at det er det vi tenker mest på no, seier Per Undheim.

Av Eva Sleire og Torunn Westvik Tørneng

Siste saker:

NYHETSBREV
Få nyhetene fra NRK Rogaland på e-post - helt gratis!:

LYD OG VIDEO
Lyd og Video Se og hør opptak av nyhetssendingene fra NRK Rogaland!
Mer

Rogaland

Nyheter fra Rogaland finner du på nye sider:

 
10 SISTE NRK ROGALAND
Viking
Klepp
Stavanger Oilers
Stadionsaken
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no