Bryne får 4300 og Viking 6700 billettar til cupfinalen. Totalt er det plass til 25 350 personer på Ullevaal søndag 4. november.
Alt billettsal til cupfinalen Bryne-Viking startar laurdag 6. oktober klokken 08.00, opplyser Norges Fotballforbund.
Det er berre to tusen billettar som vert lagt ut for telefonsal, og kvar person får ikkje kjøpa meir enn fire billettar over telefon.