Det er stort politisk fleirtal for å prioritere bygging av ny barneavdeling i Ålesund i løpet av kort tid. - Men då må ein stramme inn pengebruken i Trondheim, seier Elisabeth Nørve frå Høgre.
Publisert 09.09.2005 06:37.
Også Arbeidarpartiet og Framstegspartiet ønsjer ei ny barneavdeling.
Direktør Paul Hellandsvik i Helse Midt-Noreg meiner også at det kan vere pengar til å starte bygginga allereie neste år.
NRK Møre og Romsdal har arrangert nettmøte med sju av topp-kandidatane på listene til Stortingsvalet her i fylket.Her finn du kva dei har svart på spørsmål frå veljarane.